AARDAL tilbyr servantar og benkeplater til bad og kjøken. AARDAL kan også skreddarsy servantar og andre produkt som benkeplater og resepsjonar. Årdal Plast as er produsent og leverandør av AARDAL produkt
Årdal Plast as er ei tradisjonsrik verksemd lokalisert i Årdal Kommune, mellom mektige Jotunheimen og vakre Sognefjorden. Selskapet vart etablert i 1987. Dagens produkt, som vert marknadsført under namnet AARDAL, er eit resultat av over 20 års erfaring med levering til både privat og proff marknaden.
Vår lange fartstid syner at me er ein trygg og god leverandør med produkt godt tilpassa nye trendar og utviklingstrekk i marknaden, samtidig som dei meir tradisjonelle produkta våre fortsatt er veldig populære.
Vårt viktigaste og mest selde produkt er heildekkande servantar til bad. Me kan i dag tilby slike servantar i kunstmarmor, kunstmarmor med overflate i solid surface og i porselen. Som ein av få leverandørar kan me levera både standardmodellar og servantar på spesialmål, noko som gjer oss til Noregs mest komplette leverandør av servantar til bad. I 2010 har me lansert tre nye modellar i materialet Avonite. Dette er eit materiale likt Corian, LG osv og som har heilt unike eigenskapar og produktmoglegheiter. Desse modellane er laga for montering utan møbel.
Alle våre produkt til bad er presentert i vår forbrukar brosjyre, presentert seinare i forhandlarpermen.
I tillegg til servantar til bad, produserar og leverar me benkeplater til kjøken, resepsjonsdiskar, bardiskar osv. For meir informasjon om desse produkta må de gjerne senda oss førespurnad på mail, faks eller ta kontakt med oss på telefon.
Hjelle og Avdalen


Vetti og Basic


Venus

Du har ikkje Flash 9 installert, og ser difor ein reserveløysning av sida vår. Last ned Flash her